VANDRING PÅ KONGEVEGEN - FILEFJELL

Arrangementsinformasjon

Heilt konge! Det er vegen over Filefjell. Vegen går mellom Lærdal i Sogn og Vang i Valdres er kåra til Noregs vakraste veg. Kongevegen sto ferdig i 1793 som den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet og er slik sett ein historisk viktig veg som går igjennom urørt natur og storslått kulturlandskap.

Vegen er nå nyrestaurert og resultatet er verdt eit besøk, og med spektakulære bruer og forstøtningsmurar i nydeleg natur håvar vegen inn prisar. I april 2017 blei prosjektet heidra med EUs kulturminnepris (Europa Nostra Awards) i kategorien «Bevaring».

Jørn Hilme-stemnet er stolt over å tilby publikum Vandring på Kongevegen kombinert med konsert med Marit Steinsrud og Stein Villa i St. Tomaskyrkja. For å trimme alle sansar blir det også ein smak av Valdres med fingermat frå Filefjellstuene.

Turen går frå Kyrkjestølen på Filefjell og turvert for dagen er Dagfinn Hegg-Lunde. Dagfinn driv Borlo bygdetun og er ein enorm kjelde til historisk kunnskap om området.

Turen startar klokka 13.00 frå Kyrkjestølen og går til Stiftsstøtta og tilbake til Kyrkjestølen. Der blir det fingermat frå Filefjellstuene klokka 16.00 og konsert med Marit Steinsrud og Stein Villa klokka 17.00.

Billettar må bestillast før 28. juli.

Arrangementet er i samarbeid med bedriftsnettverket Kongevegbedrifter Filefjell SA

jørnhilme
hilme
kongevegen
folkemusikk

Restriksjoner

Billettar må bestillast før 28. juli.
Arrangementet er i samarbeid med bedriftsnettverket Kongevegbedrifter Filefjell SA

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.