Laurdagskveld på museet: Dans og konsertar

Arrangementsinformasjon
Default file 1489689411

Skal vi danse? Høyre på konsertar? Kikke på folkelivet?

Gamaldans til Pål Bratås kvartett og bygdedans på 1000 golv har vore slagordet til Hilme-stemnet i mange år, og seier noko om dansen sin plass på stemnet. Sumarkveldane på Valdres Folkemuseum med dansespel som strøymer ut frå dei gamle stovene, er med på å gje festivalen eit unikt særpreg i den norske festivalfloraen. Om du likar deg i dei uformelle og intime stovene på Valdres Folkemuseum eller har trang til å bryske deg på kappleikscena; Jørn Hilme-stemnet er fyrst og fremst dansarane sitt stemne. Slik blir det også i år.

I tillegg er det eit variert konsertprogram og eit yrande folkeliv - velkomen!

hilme-stemnet
hilme
folkemusikk
jørnhilme

Restriksjoner

Tenk miljø - køyr saman!

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar kan ikkje refunderast.