Huga! Lærarkonserten på Strunkeveko 2017

Arrangementsinformasjon

«Huga» er tema og tittel for lærarkonserten på Strunkeveko, og det er med andre ord duka for ein kveld med skikkeleg innsats!

Lærarane på Strunkeveko er mellom dei fremste folkemusikarane og -dansarane ein kan oppdrive, og saman bidreg dei til auka rekruttering og samhald i folkemusikkmiljøet. Tradisjonen tru startar dei veka med å halde konsert for elevane, foreldre og alle andre som vil høyre.

Medverkande på konserten, er Martin Myhr, Tom Kjetil Tørstad, Sina Myhr, Solbjørg Tveiten, Anne Hytta, Jan Beitohaugen Granli, Håkon Høgemo, Ingvild Blæsterdalen, Olaug Furusæther, Tron Steffen Westberg, Asgeir Blaavarp Heimdal, Vetle Springard, Bjørnar Blaavarp Heimdal og Stian Roland.

Velkomne til konsert!

Konserten er på Merket i Tisleidalen, der Strunkeveko held til.

folkedans
folkemusikk
hilme
hilme-stemnet
jørnhilme

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert!