Fredagkveld på museet: Dans og konsertar

Arrangementsinformasjon
Default file 1489688635

Gamaldans til Jutullaget, konsertar, Jørn Hilmes-polkapris og bygdedans. På Valdres folkemuseum på Fagernes er det tradisjonen tru dans på «hundre golv» til ypparleg dansespel.

Her kan du gå frå stove til stove og oppleve gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. I lyset frå flakkande stearinlys kan du høyre landets beste spelemenn og -kvinner og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inntrykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, og som lokkar publikum tilbake år etter år.

Velkomen!

hilme-stemnet
hilme
folkemusikk
jørnhilme
dans

Restriksjoner

Tenk miljø - køyr saman!

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar kan ikkje refunderast.