Vandring på Pilgrimsvegen - Hedalen

Arrangementsinformasjon
Default file 1498651000

Bur det ein pilgrim i deg? Årlege vandringar på pilgrimsvegen gjennom Valdres er populært, og nå kan du bli med pilegrimsprest i Valdres, Anne Hilde Øigarden, på vandring på eit utdrag av pilegrimsvegen frå Urdevassætra til Hedalen stavkirke.

Turen er på omlag 7 km i lett  og variert terreng i flott Hedalsnatur. Her vil ein kunne kjenne på kvalitetane som ei pilgrimsvandring kan gje og skjerpe sansane til konserten med Marit Steinsrud og Stein Villa klokka 19.00 i Hedalen stavkirke. Duoen Steinsrud og Villa har spelt saman i årevis på både langeleik og harpe, gitar, pianotrekkspel, mandolin, fele og song. Sjå fram til ei harmonisk og varsam musikalsk vitjing.

Pilegrimsprest Anne Hilde Øigarden er turleiar og sokneprest Signe Elisabeth Kvåle vartar opp med rykande betasuppe i Preststugu etter turen.

Billettar må bestillast før 28. juli. Kun 30 plassar.

Born under 12 år er gratis, men ting billettar slik at vi har oversikt over antall publikummarar. Ungdommar mellom 12-18 år går for halv pris. 

14.30   Oppmøte ved Hedalen stavkirke. Transport til Urdevassætra.

15.00   Vandring frå Urdevassætra til Hedalen stavkirke.

18.00   Mat i Preststugu ved Hedalen stavkirke.

19:00   Kammersmusikk. Konsert med Marit Steinsrud og Stein Villa.

Etter konserten blir det ei omvising i stavkirka ved Anne Hilde Øigarden.

 

Arrangementet er i samarbeid med Pilegrimsvegen i Valdres.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

folkemusikk
hedalen
pilgrim
jørnhilme
hilme-stemnet
hilme

Restriksjoner

Billettar må bestillast før 28. juli. Kun 30 plassar. Arrangementet er i samarbeid med Pilegrimsvegen i Valdres.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.