Tron Steffen Westberg og FM-quiz

Arrangementsinformasjon
Default file 1498727424

Fyrst konsert med ein av landets råaste spelemenn, deretter årets råaste folkemusikk-quiz?

Konserten: Tron Steffen Westberg er lærar og ein av landets fremste solospelemenn. Han er vinnar av kongepokal på Landskappleiken og ein sentral tradisjonutøvar frå Røros. Eit av kjennemerka til Jørn Hilme-stemnet er intimkonsertane i dei lune og gamle bygningane på Valdres Folkemuseum. Under konserten med Westberg kjem du tett på både utøvaren og musikken, noko som er både sjeldan og unikt i den norske konsertfloraen i dag.

Tid og stad: Skysstasjonen Nystøga på Valdres Folkemuseum, 3. august kl. 21.00 

Folkemusikk-quiz: Det kyttar seg stor spenning til kva gitaristen og folkemusikkprodusenten Asgaut Bakken og spelemannen Frank Rolland har klart å rote fram av spørsmål til årets folkemusikk-quiz. Dette er kvelden for dei som vil brilijere med nerdete folkemusikk-kunnskap - og for dei som går av med seieren; eit heilt år med heder og ære!

Tid og stad: Skysstasjonen Nystøga på Valdres Folkemuseum, 3. august kl. 22.00

NB! Dette er altså ein felles billett for quizen og konserten 

Det er alkoholservering inne på Nystøga, arrangementet er difor for vaksne.



folkemusikk
hilme
hilme-stemnet
jørnhilmestemnet

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.