Kyrkjekonsert i St.Tomas-kyrkja: Kammersmusikk

Arrangementsinformasjon
Default file 1489653497

La duoen Villa/Steinsrud sette fyrste tone for Hilmeveka 2017 -  bli med på ei vitjing inn i deira kammersmusikk.

Stein Villa og Marit Steinsrud ser fram til å gje oss eit møte med deira Kammersmusikk, ein konsert basert på plateutgjevinga deira frå 2014 med same namn. - Tradisjonelt stoff på vårt vis og eigen musikk på tradsjonelt vis, har dei sjølve karakterisert musikken. Duoen Villa/Steinsrud har spelt saman i årevis og trakterar langeleik og harpe, men vi også få høyre mellom anna gitar, pianotrekkspel, mandolin, fele og song. Sjå fram til ei harmonisk og varsam musikalsk vitjing!

Det vil bli guida vandring på Kongevegen med felles måltid før konserten for dei som ynsker det. Sjå eiga programpost.

(Born under 12 år kjem inn gratis, men ting billett til dei slik at vi veit antallet publikummarar. Ungdom mellom 12-18 år går for halv pris.)

Kyrkjekonserten i St. Tomaskyrkja på Filefjell er ei årleg hending og ei fin opning på Hilme-veka. Velkommen og god konsert!

folkemusikk
jørnhilme
hilme
filefjell
vang
kongevegen

Restriksjoner

Vi oppmodar til samkøyring!

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.