Hegge-spel: Ingebjørg, Oddrun og Gunvor (+ kappleik sundag)

Arrangementsinformasjon
Default file 1498726372

Tre gonger Hegge: langeleikspel i ubroten, levande tradisjon 

Systrene Oddrun og Gunvor Hegge, og Oddrun si dotter Ingebjørg er alle dyktige langeleikspelarar. Valdres er kan hende det einaste dalføret i landet med ein ubroten langeleiktradisjon, og som går mange hundre år tilbake i tid. Gunvor og Oddrun fekk mykje langeleiklæte av bestemor si, Guri Hegge (1884–1976), født Rudi. Saman med systera Kari, har dei teke vare på og vidareført spelet og tradisjonen etter bestemor si.

Gunvor er i dag lærar, og driv aktivt med opplæring i kulturskula. I 1990 fekk ho kongepokalen for spelet sitt. Oddrun er utdanna instrumentmakar og har i lag med systera delteke på mange, mange kappleikar. Ingebjørg er siste skottet på stammen, og også ho er aktiv deltakar på kappleik, og har vunne juniorklassen fleire gonger.

Sjå fram til ein konsert med godt spel og forteljingar frå gamal tid. 

Born under 12 år går gratis, men ting billett slik at vi har oversikt over antall publikummarar, ungdom mellom 12-18 år går for halv pris. 

Velkomen! 

Billetten gjev også inngang på kappleik og premieutdeling på museet, sundag!

folkemusikk
hilme
hilme-stemnet
jørnhilmestemnet

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.